Startside

hemexcide®

NEDKJMPAR BLODMIDD, PARASITTER, LUS, LOPPER OG MIDD

Inga høns treng lenger å få blodmidd, og du treng heller ikkje miste 20% av produksjonen ved blodmiddangrep. Hemexcide® nedkjempar blodmidd, lopper, parasittar, midd og hemmar uønskte bakteriar, samstundes som det tørkar ut og desinfiserer strøet. Dessutan kan Hemexcide® tilførast fôret til hønene og nedkjempe mage-tarm parasittar.

 

Hemexcide® er eit reint mineralpulver som er GMO-fritt og difor godkjend til økologisk landbruk, og er godkjend til å bruke i eggleggings-perioden. Hemexcide® kan brukast i alle dyrerom og produksjonsformer.

 

Hemexcide® består av små skaldyr, som etter mange millionar av år i jorda vert gravne opp og omarbeidd til pulver. Hemexcide® er ikkje tilsett kalk eller andre fortyndande fyllstoff. I denne konsentrerte forma er drapseffekten usedvanleg effektiv. Den parasittdrepande verknaden er ikkje kjemisk, men derimot mekanisk: Hemexcide® kleber seg til midden, som dør i løpet av vel eitt døgn.

 

Bruk:

 

Strø pulveret på golvet og i reirkassene ca. 50/75 gr. Pr. m2.

 

Lag eventuelt ein bakke der hønene kan "sandbade" i Hemexcide®.

 

Pulveret kan og blandast med vatn 1:3 og smørast på vagla og veggane.

 

Nedkjemping: 


 

Om skaden er skjedd, skal dyreromma reingjerast og desinfiserast. Hemexcide® skal blåsast ut i rommet. Der kleber det seg til blodmidden, som dør i løpet av ca. eitt døgn. Denne metoden blir brukt i dag med stor suksess av mange eggprodusentar i Danmark. Bruk 50 gr. pr. m2. Gjenta behandlinga under produksjonstida. Det er då hensiktsmessig med behandlingsintervall på ca. 8 dagar og deretter 35 dagar.

 

Førebygging

 

Førebygging framfor nedkjemping er å anbefale. Engelske erfaringar viser at Hemexcide® verkar i ca. 12 månader, når det blir blanda i vatn og sprøytt ut – naturligvis etter reingjering.

 

Alternativ bruk:


 

Hemexcide® som fôrtillegg nedkjempar mage-tarm parasittar og orm i dyra. Til fjørkre anbefaler ein 4 kg Hemexcide® pr. 100 kg fôr i omlag 10 dagar ved akutte problem. Deretter 0,6 kg pr. 100 kg fôr som førebyggande.

 

Hemexcide® vert produsert av OWA Biokemi i Danmark.

 

For meir informasjon og bestilling, kontakt Karl-Eivind Kroken tlf 909 55 093 eller e-post karl-eivind@fureneset.net